Repetisjonsspørsmål til kapittel 1 på nynorsk

Oppgave

  1. Når og kvar vart menneskearta, Homo sapiens sapiens, til?
  2. Når tok Homo sapiens sapiens til å spreie seg over heile jordkloten?
  3. Kvifor konkurrerte Homo sapiens sapiens ut andre menneskearter?
  4. Kvifor meiner vi at jegerar og samlarar levde i relativt jamstilte samfunn?
  5. Kvifor tok menneska til med svibruk?
  6. Kva var nytt med jordbrukssamfunna?
  7. Kva negative verknader følgde med jordbrukssamfunna?
  8. Kvifor kan vi kalle overgangen til jordbruk ein revolusjon?
  9. Kvifor kom dei første sivilisasjonane eller høgkulturane langs elvar?
  10. Kva særmerkjer ein sivilisasjon?
  11. Kvifor følgde meir krig med sivilisasjonane, og kva verknad kan dette ha fått for samfunna?
  12. Kvar skapte sumerarane den første sivilisasjonen i verda, og kva oppfinningar gjorde dei?
  13. Når kom dei første menneska til Noreg, og når tok dei til med jordbruk?